Frå kjøpesenter til by
Bygdebyen Straume med kjøpesenter og parkeringsanlegg skal transformerast til ein liten småby med gater, park, nye bustader og handel. Straume skal få bymessige kvartal med levande fasadar ut mot dei nye gatene. Landskapsplanen viser småbyens kvalitetar gjennom ein serie med grå, grøne og blå tiltak.
Fra veg til allé
Det opparbeidast eit hierarki mellom offentlege plassar, gågater, gater, fortau og stiar slik at folk kan gå over alt i bygdesentret. Det leggast eit nytt gatenett ved å forsterke den eksisterande vegstrukturen på staden. Det byggast gater med gateparkering og med breie, tilplanta fortau av som gjer dei funksjonelle, trygge og vakre. Dei 5 m brede fortaua vil fungere som offentlege promenadar og gje liv til staden heile døgnet. Denne nye byaksen vil fungere som handlestrøk og gågate.
Frå grå til grøn
Straume sentrum skal bli ein grøn by. Planen syner ein ny sentrumspark, gateplantingar og forhagar. Nye Straume sentrum skal innehalde ein bærekraftig dimensjon ved at regnvatnet frå tak og harde flater samlast opp og fordrøyast, for deretter å bli sendt vidare ut i neste bekkedal og ut i sundet.